(NB: Dette kan være en forkortet versjon av teksten uten tilleggsinnhold som faktabokser, bilder, videoer og mer. Vennligst besøk nettsiden for å lese komplett innhold.)
Mette Helene Wersland begynte å arbeida på Forbruken, nå Coop Mega, allereie mens ho gjekk på ungdomsskulen. Ho hadde praksis i butikken éin dag i veka, og ho var der i arbeidsveka.
Våren 1987 blei ho spurd om ho ville vera sommarvikar og ha ansvar for brødavdelinga. Og då sommaren var slutt, fekk ho tilbod om jobb. Allereie etter eitt år fekk ho mellomleiaransvar, og ti år etter at ho begynte i butikken, var ho butikksjef.
Sjef
Å bli butikksjef var eit mål ho hadde sett seg den dagen ho begynte. Ho liker å vera den som bestemmer.
- Eg liker å trekkja i trådane sjølv, seier ho.
Sidan ho blei mor tidleg, hadde ho bare eit år på husstellinja på Dalheim då ho takka ja til jobben på Forbruken. Men ho sette seg klare mål, og tok etter kvart både handelsbrev, fagbrev og utdanning på BI. Ho har òg utvida kunnskapen sin med ei rekkje interne kurs. Det siste kurset ho tok, var eit mentorkurs.
- Ein blir aldri for gammal til å læra, og eg har alltid lyst til å læra noko nytt, fortel butikksjefen, som synest alle har eit ansvar sjølv for å tileigna seg den kunnskapen dei ønskjer å ha.
Ny butikk
Då Coop Økonom skulle utvida med endå ein butikk i Egersund, freista det å få vera med å byggja opp noko heilt frå botnen av.
- Før har eg bygd vidare på det andre har gjort. Her er alt nytt, seier ho.
Coop Extra er i vekst, og ho hadde lyst å vera ein del av ei kjede som ekspanderer.
Ho har fått med seg fleire kollegaer frå Coop Mega.
- Eg har ein flokk rundt meg som har lyst å læra mykje nytt. Det liker eg!
Måtte operera
Bare ein gong har ho fundert på om ho skulle bli verande i butikkbransjen. Det var mens ho var delvis sjukmeld og venta på operasjon. Dei to operasjonane ho var gjennom i 2012 fjerna smertene hennar, men ho hadde ein plan b for kva ho ville gjera dersom ho hadde vore nøydd til å slutta å gå på harde butikkgolv.
- Eg ville blitt lærar eller rådgivar.
Nå er ho glad for at ho ikkje blei lærar, iallfall.
- Eg liker betre å arbeida med folk som ønskjer å oppnå noko, enn å arbeida med folk som du må pålegga oppgåver, samanfattar ho.
- Det betyr at du ser etter motivasjon hos dei du tilset?
- Ja, det betyr veldig mykje for meg at folk vil vera med på laget. Men me er så ulike, alle. Det er ikkje alle som vil bli leiarar. Nokon trivst betre i andre roller. Men me utfyller kvarandre!
Trente seg opp
Ho måtte leggja ned ein stor eigeninnsats for å koma seg igjen etter operasjonane. Skulle ho ha tatt til takke med den rehabiliteringa ho kunne få gjennom det offentlege, trur ho ikkje at ho hadde kome så godt frå det som ho gjorde.
Ho var fast bestemd på at ho ville tilbake i full vigør, og helst som ei sprekare utgåve av seg sjølv enn den ho var før smertene to overhand. Ho sette av tid og pengar til å trena seg skikkeleg opp igjen.
Då ho møtte opp hos den personlege trenaren sin på Puls, gav ho klar beskjed om at ho hata trening, men at ho var der fordi ho måtte. Men det viste seg at det var mogleg å gjera noko med det dårlege forholdet ho hadde til fysisk aktivitet.
- Nå er trening gøy. Eg trener variert tre til fire gonger i veka.
Ho fortel at ho er flink til å lytta til kroppen, og at ho legg opp treninga etter dagsforma.
- I det siste har det blitt mykje yoga, mest hot yoga. Det gjer godt for kropp og helse.
Klatring og elvepadling
Noko av det ho lærte av perioden med sjukemelding, er at det er viktig å gjera det ein har lyst til, mens ein kan. Etter at ho blei smertefri har ho gått til Galdhøgpiggen og tatt kurs i klatring og elvepadling.
- Eg kjenner ingen som driv med elvepadling, så det blir nok ikkje noko meir av det. Men nå har eg iallfall prøvd, seier ho.
Klatringa ser ho føre seg at ho vil gjera meir av.
- Eg har ein draum om å melda meg på eit femdagarskurs i Lofoten, røper ho.
- Kva skal du gjera i dag?
- Eg skal til Oslo på butikksjefmøte for alle butikksjefane i Coop Extra. Møtet går over fleire dagar, og er årets happening.
- Kva prioriterer du i vekene som kjem?
- Den nyoppstarta butikken. Å passa på at dei tilsette har det bra på jobb og å innarbeida nye rutinar.
- Kva er det beste med den alderen du er i nå?
- Å bli bestemor. Eg har eit barnebarn på 2,5 år og får eit nytt i mai.
- Kva for ein film eller serie vil du anbefala?
- Eg anbefaler nordiske krimseriar. Dei er veldig bra. "Broen", for eksempel, likte eg veldig godt.
- Er du bekymra for framtida?
- Nei, eg prøver å bekymra meg minst mogleg, iallfall for det me ikkje kan gjera noko med uansett. Men eg er litt bekymra for framtida til dottera mi. Ho er psykisk utviklingshemma. Eg tenkjer mykje på kven som skal passa på at ho får det ho har rett på, når eg ikkje er her lenger.
- Kva saknar du mest når du er vekke frå Egersund?
- Det er familien eg saknar når eg er ute og reiser. Eg flytta til Egersund frå Oslo då eg var åtte år, og har budd her i 43 år. Men det er først og fremst familien og vennane mine som knyter meg til byen, ikkje noko anna.
- Kva ville vore draumetittelen på framsida av Dalane Tidende?
Eigersund kommune organiserer ferietilbod med overnatting for utviklingshemma